GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Narefjell 19.mai

TurerOpprettet av Karin Pedersen 21 mai, 2019 08:03:32
Fra turen fra Narefjell, via Gullbu og Lysthusnatten. 24 turfolk og to firbeinte starta turen ved Sommerflåtin. 2 måtte dessverre snu etter ei stund. Det vart lange og bratte bakker opp te Gullbu, der vi tok ei pause. Så bar det over Lysthunatten- og ned til Sulutjønn, der kjentkvinne hadde ei lita historie på lur. Videre gjekk vi opp på Narefjell for å skrive i boka. Heile 8 bøheringar vart med på denne turen. Moro å kunne vise fram meir av bygda.
Flott dag med fine folk i perfekt turvær!




  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post195

Kveldstur til Bratningsborg og Svinetjønn 15.mai

TurerOpprettet av Karin Pedersen 18 mai, 2019 10:31:40
Kveldsturen til Bratningsborg og Svinetjønn.
Vi parkerte ved Sauherad kirke, og gjekk oppover Prestegardsvegen mot Rolighetsmoen.
31 turfolk og 2 firbeinte blei med på denne flotte turen. 5 pers kom heilt fra Bø.
Kjentmann Steinar Fugelli losa kånn trygt gjennom løypa, fortal om området rundt, historier og sagn. Det blei ein kafferast på toppen av Bratningsborg, før me gjekk ein ana veg ned, til Svinetjønn. Deretter bar det ned ein traktorveg tilbake til Rolighetsmoen og bilane ved kyrkja.


  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post194

Kveldstur til Lundås 1. mai 2019

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 01 mai, 2019 22:12:32
Denne kvelden er det Geir som er kjentmann. Me parkerar like opp for Lunde prestegard. Me er totalt 13 stk av dei ei frå Bø og ei frå Notodden. Det er bratt sti opp knapt 100 høgdemeter, så kjem me opp på eit flatt platå med utsikt over bygda.Her er det bygd ein fantastisk fin gapahuk.
Kaffipausa nyter me ute. Masse god prat med turglade folk


Nedturen er litt krevande. Heldigvis er berga tørre og alle kjem velberga ned til bilane

Takk til Geir for triveleg og fin tur!


  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post193

Sondagstur til Kringletjønn og Sulukoll 28.april

TurerOpprettet av Karin Pedersen 28 april, 2019 21:31:14
Dagsturen gjekk fra parkering i toppen av Juvevegen i Hetterud, opp merka traktorveg og sti til Kringletjønn. Så vidare til Sulukolltjønn der me tok matpause.
Gjekk så til Sulukollen, der me fekk skrivi i bøkane. Så gjekk me vidare nedover mot Ringane, men tok av på ein umerka sti og gamal traktorveg som førte kånn rett over til Hetterud og bilane igjen.
Me blei 20 stk med på turen, deriblant to ungar og 4 stk fra Bø.
Fin tur med fine folk, i perfekt tur-vær.
Takk for turen!



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post192

Kveldstur 24.04.2019

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 26 april, 2019 07:41:09
Dette var fyrste turen i vår. Me starta å gå på Leikvangmogane, gjekk så ned til elva frå Helgehøl, følgde Hørteelva til Bergingbru og vidare på vestsida til Hørte. Dette var eit nytt område for mange sjøl om dei budde i denne delen av kommunen.

Det var fint å gå på gamle vegar og fasinerande å vandre tett inntil elva opp til Bergingsbru. Her var det Aslaug og Hans Torstveit visa veg vidare. Dei fortalte om vasskrafta som dreiv håmmarverka, sagbruk og møller. Dette gav arbeid til folk og meir levelege kår.
Me fekk sjå tufter etter Storskot på ei slette bratt opp frå elva. Det var nok lita "vegkro" der vegfarande fekk seg ly over hovudet, kjøpe heimebrendt, øl og spela poker.
Så kom storflaumen i 1808 og ødela nesten alt. Det vart svelt i hel for folk og mange drog til Amerika.
Kaffepausa tok me på paviljongen ved Fargeriet

Snart var det på tide å ta beinaste vegen ned til bilane .

Det var 28 med på turen. Kun 2 frå Bø (som var utflytta hørtingar).

Takk til Aslaug, Hans og Kåre som var kjentfolk.





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post191

Gløggservering 2018

TurerOpprettet av Karin Pedersen 04 des., 2018 10:23:58
Bilder fra ein triveleg førjulstradisjon ved Dyrud Damtjønn. Heile 22 personer kom innom for ein sjenk, tross mykje regn den dagen. Omlag halvparten gjekk fra nedi bygda, resten kjørte bil. Takk for ein fin 1. advent!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post189

Sankthans 2018

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 24 juni, 2018 11:26:10
Denne kvelden var det supert ver med nærare 20 pluss og litt vind som heldt knott og mygg borte. Etterkvart kom det bilar med folk alt frå 5 til nærare 90 år. Til og med kom ei dame på sykkel der kun beina var drivkrafta!! Totalt vart det 35 stk

Så vart det grilling , steiking i bålpanna og eting. Praten gjekk livleg.

Kaffelars kom over bålet. Folk satte pris på bålkaffe og heimebakst (Sigrid m fl)

Så kom Sigmund med fela. Det vart både springar og gangartakt. Nokre prøva seg med nokre dansesteg og.
Etterkvart trekte mange inn i oppvarma hytte. Da sørga Asbjørn for spørjekonkuranse og premiar.
Takk til alle som kom og gjorde det til ein triveleg kveld! GOD SOMMAR!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post188

Kveldstur til Valjuvhola og Valjuvnatten

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 20 juni, 2018 17:09:03
Denne kvelden var det fellestur med Bø Turlag. Turleiar Halvor Gåra:

Det var 8 stk frå Gvarv med Nils Olav som kjentmann og 7 stk frå Bø som la i veg på denne bratte turen. Spesielt bratt var det siste stubben opp til hola. Ikkje tur for pyser!
Få gjekk inn i hola.


Vidare gjekk turen opp på Valjuvnatten. Derifrå var det fin utsikt mot Bø og Gvarv/Norsjø.
Like mange høgdemeter ned igjen.
Alle gjennomførte turen og heldigvis var det ingen som skada seg.



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post187
Neste »