GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Dugnad på Ringstul 2017

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 27 aug., 2017 21:22:58
Det er Karin Landsverk og Herdis Toreid som har hatt tilsynet med Ringstul og Gulnoshytta.
Inne på Ringstul er det sopa tak og vegger, vaska rundt der det er mulig, tatt med seg søppel, kasta ut deler av golvteppe. Det kom fram tett og fin golvplank. Kjøpt inn diverse småutstyr.
Koseleg å ta ein pust i bakken her når det er så reint og ryddig!

Utvendig er taket sopa etter mange års oppsamling av barnåler!!
Utedoen er vaska. Han står litt "framoverlent". Geir og Sveinung har vurdert at det er heilt trygt og sitte der når behovet melder seg. Koseleg å sitte der med døra oppe og nyte naturen i tillegg.

Gulnoshytta er forfallen. Dei har likevel sopa og rydda der siste året. Det er få folk som legg turen innom hytta men faktisk var det nokre ungdommar som overnatta der i fjor haust.

Takk til Karin og Herdis for bra jobbing! Helsing styret i GT





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post170

Dugnad på kraftlaghytta 2017

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 21 juli, 2017 21:47:04
Denne våren og sommaren er det gjort mykje dugnad på hytta:


Omn: Sveinung, Gustav og Kåre kjøpte inn ny Jøtul omn og monterte han på kjøkkenet.

Vasking: Aud Inger og Mary Anne vaska storreint på hytta og sengetøy.

Maling av hyttetak: Sveinung og Kåre kjøper inn og maler bølgeblekkplatene på taket.


Her ser me Sveinung jobbar med sikkerheta i høgsetet.

Så rydda Geir og Sveinung rønningar og anna rundt hytta og parkeringsplassen. Nå var alt klart for nok ei St Hansfeiring.

Sikkerhet i høgsetet på soverommet også. Kåre lagar og monterar sengehestar, stegar og benk på soverommet.

Maling til brannmurar er kjøpt inn og blir snart mala på.



Takk til alle som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats i år også!








  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post164

Merking av nye løyper på Årnes

InformasjonOpprettet av Karin Pedersen 11 juli, 2017 17:13:20

Det har i vår/sommer blitt gjort omfattende arbeid med merking av nye turløyper i Årnes/Breisas området.

Kåre har laga og montert opp nye retningskilt og GT kasse. Me har vært på opptil fleire stibefaringer, rydda stier, og mala med blått på tre og stein.

Under ser du bilder av resultatet.

- En ny sti videre fra Sulukolltjønn videre oppå Bjørnlikollen, mot Griseryggen.

- En ny sti fra Årnes Kafeteria, langs Kvennebekken et stykke og videre opp til Einlifjell.

- Ny GT kasse på Einlifjell, ved det flottaste utsiktspunktet.

Tusen mange takk til Geir Valle, Ingebjørg Myromslien, Kåre Myromslien, Jørgen Haugen og Karin Pedersen for ein vel gjennomført jobb.

Stor takk rettes også til Erik Årnes som har rydda stien med traktor i starten av løypa, langs jordet. Og takk til Årnes Kafeteria som gledelig låner bort litt av parkeringsplassen sin til ivrige turgåere.





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post163

Merking av sti

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 18 juli, 2016 22:39:50
Etter ønskje frå mange har me nå fått merka stien frå Diplane til Maskat.
Gunhild Lønheim var med som kjentkvinne. For mange år sidan visa ho meg den gamle stien opp her.
Siste året har nokon merka opp her med masse plastband og det har blitt ganske synleg tråkk.
Eit stykke nedafrå la me stien lenger ut på berga pga den fine utsikten. Lenger oppover følgde me bandmerkinga.

Her har me kome til øvre Maskattjønn

Jobben er gjort og me kvinnfolka fortener ein pust i bakken ved fossen frå nedre Diplane.

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post151

Dugnad

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 16 juni, 2014 09:06:13

Me har hatt eit par turar til st Damtjønn på Breisas for å lage bru over bekken som renn inn i tjønna frå s/v og klopper over myra ved "bålplassen". Kåre stod for traktorkjøring og det meste av snikring men fekk god hjelp av Sverre og Kari + Jenny og Ingebjørg til bæring.

Kom på tur på Beisås og prøv bru/klopp og ikkje minst badevatnet!





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post128

Dugnad på Årnes

InformasjonOpprettet av Sveinung Lindtveit 10 mai, 2012 13:27:25

Takk til alle som var med på turlagets dugnad på Årnes i går kveld, det hjelper godt på økonomien i laget med noe ekstra inntekter.

De som deltok var: Ole Gunnar Plassen, Halvor Holtan, Torstein Vegheim, Nils Olav Haugen, Aslak Gilde, Roar Fjellheim, Eivind Plassen, Helge Aarnes, Gunleik Moen, Oddvar Fjellheim og Sveinung Lindtveit

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post93

Breisås-turstier

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 01 april, 2012 11:53:53

Siste veke har me gått to turar Hetterud-Griseryggane- Raudmyrkollen- st Damtj- Håtveit. Der var mange vindfall (15-20nye/gamle) over østre sti Griseryggene til Holmtj. og litt anna smårydding.

Eg har hatt god hjelp av Magnus med motorsag, Kåre m håndsag og Asbjørn m samekniv. Sjøl måla eg opp igjen der det var behov. På Breisås er det mange varierte stiar, idylliske vatn og fin utsikt spesielt frå Griseryggane og Einlifjell.

BT har godt oppmerka stiar og nokre informasjonsskilt på Breisås. Kom ut på tur!!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post90

Skinnarbu

InformasjonOpprettet av Sveinung Lindtveit 15 aug., 2011 18:13:03
Hei!


Er det noen som har bilder fra Skinnarbu turen så hadde det vært fint om dere kunne sende noen til meg så jeg får de inn her.


Hadde også vært fint med et lite refferat. Alt kan sendes på mail til meg. slindtve@online.no


Hilsen

Sveinung

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post84
Neste »