GT Blogg

Sankthans 2018Turer

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 24 juni, 2018 11:26:10

Denne kvelden var det supert ver med nærare 20 pluss og litt vind som heldt knott og mygg borte. Etterkvart kom det bilar med folk alt frå 5 til nærare 90 år. Til og med kom ei dame på sykkel der kun beina var drivkrafta!! Totalt vart det 35 stk

Blog imageSå vart det grilling , steiking i bålpanna og eting. Praten gjekk livleg.

Blog imageKaffelars kom over bålet. Folk satte pris på bålkaffe og heimebakst (Sigrid m fl)

Blog imageSå kom Sigmund med fela. Det vart både springar og gangartakt. Nokre prøva seg med nokre dansesteg og.
Etterkvart trekte mange inn i oppvarma hytte. Da sørga Asbjørn for spørjekonkuranse og premiar.
Takk til alle som kom og gjorde det til ein triveleg kveld! GOD SOMMAR!

Kveldstur til Valjuvhola og ValjuvnattenTurer

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 20 juni, 2018 17:09:03

Denne kvelden var det fellestur med Bø Turlag. Turleiar Halvor Gåra:

Det var 8 stk frå Gvarv med Nils Olav som kjentmann og 7 stk frå Bø som la i veg på denne bratte turen. Spesielt bratt var det siste stubben opp til hola. Ikkje tur for pyser!
Få gjekk inn i hola.


Blog imageVidare gjekk turen opp på Valjuvnatten. Derifrå var det fin utsikt mot Bø og Gvarv/Norsjø.
Like mange høgdemeter ned igjen.
Alle gjennomførte turen og heldigvis var det ingen som skada seg.



Skinnarbutur 3.-5. augustTurer

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 07 juni, 2018 17:24:24

Hei!

Nå er sommaren her for fullt og ferieplanlegginga i gang. Hugs å sett av helga 3.-5.august til helgetur til Skinnarbu Nasjonalparkhotell.

Hotellet ligg like ved Hardangervidda Nasjonalparksenter.

Kort veg ned til Skinnarbu brygge her Fjellvåken 2 går frå.

Her kan ein reise på høgfjellskrus med lunsj på Mogen turisthytte. Båtturen tek 1 1/2 time kvar veg

Fint å ta korte og lengre gåturar ut frå hotellet.

Eller fristar seterbesøk på Selstali seter, Krossobanen eller Gaustatoppen meir?

De legg plan for dagane der oppe etter kva folk har lyst til.

Døgnpris for overnatting i dobbeltrom med frokost, nistepakke og middag er ca 1200 kroner per person. Prisen avheng nok litt av kor mange som blir med.

Oddvar Fjellheim er koordinator. Mob 977 50 863

Han vil gjerne ha ein oversikt over kor mange som kanskje blir med innen 1. juli

Bindande påmelding innan 20. juli

Velkommen med på tur!

Helsing styret i GT



Skinnarbutur 3.-5. augustInformasjon

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 07 juni, 2018 17:23:17

Hei!

Nå er sommaren her for fullt og ferieplanlegginga i gang. Hugs å sett av helga 3.-5.august til helgetur til Skinnarbu Nasjonalparkhotell.

Hotellet ligg like ved Hardangervidda Nasjonalparksenter.

Kort veg ned til Skinnarbu brygge her Fjellvåken 2 går frå.

Her kan ein reise på høgfjellskrus med lunsj på Mogen turisthytte. Båtturen tek 1 1/2 time kvar veg

Fint å ta korte og lengre gåturar ut frå hotellet.

Eller fristar seterbesøk på Selstali seter, Krossobanen eller Gaustatoppen meir?

De legg plan for dagane der oppe etter kva folk har lyst til.

Døgnpris for overnatting i dobbeltrom med frokost, nistepakke og middag er ca 1200 kroner per person. Prisen avheng nok litt av kor mange som blir med.

Oddvar Fjellheim er koordinator. Mob 977 50 863

Han vil gjerne ha ein oversikt over kor mange som kanskje blir med innen 1. juli

Bindande påmelding innan 20. juli

Velkommen med på tur!

Helsing styret i GT



Sondagstur til Nysefjell og HaukvikseterfjellTurer

Opprettet av Karin Pedersen 05 juni, 2018 11:09:16

Blog image

Denne dagen var det meldt 32 varmegrader nede i bygda. 29 grader på Nysefjell.. Me var 4 stk som våga kånn ut i varmen. Turen gjekk fra parkeringa før Bråkånsrud. Etter nokka gode høgdemeter på traktorveg, og fleire liter med svette, kjem me til ei lita hytte som heiter Nysebu. Her tek me ein rast og skriv i hytteboka. Me gjeng så vidare på sti til toppen av Nysefjell, der me et nista kånns, (litt sør for toppen, rett over Bekartjønn) med god utsikt mot Munken i Norsjø. Me gjeng så videre ned til Bekartjønn, forbi Kalveaugo, tek av stien i ei myr, og kjem ned til restene av Haukviksetra. Så gjeng me opp på Haukvikseterfjell og tek ein ny rast med flott utsikt over Nesodden, Årnes, og Gvarv/Hørte/Bø med Lifjell i bakgrunnen. Me gledar kånn til bading i Bekartjønn, og fortar kånn tilbake dit. Der var få plassar å gå uti, men me fant etter hvert nokka steinar å klatre på. Vannet var herlig, og 3 av 4 bada. Den siste duppa beina, og blei utnevnt som fotograf. Så gjekk me tilbake til bilane ved Bråkånsrud via Steinmyrane. Der me måtte ta bilder av både myrull og kjøttetende planter. Ein veldig fin tur med fine folk! 😍 Takk for turen!

Blog image





Kveldstur til Politinutane 30. maiTurer

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 31 mai, 2018 07:29:04

Denne kvelden er me 11 stk som skal ut i ukjent område for dei fleste av kånn. Sigmund leiar oss med stø kurs inn elgjaktområdet sitt. Me går på traktorveg frå "Ringstulparkeringa" mot Svarttjønnmyrane. Ved vegs ende, tek me opp liane til venstre. Herfrå er det nok mest elgetråkk me følger til me på nedturen kjem inn på den breide stien til Ringstul.

Blog image
Det er ikkje lenge før me er oppe på ein av Politinutane. Her er vid utsikt mot øvre Sauherad, Jonsknuten og kanskje såg me heilt til Gaustadtoppen.

Vidare går det ned og opp bergknausar og over myrar. Tyttebær og molte står i full blom. Mange fekk stjerner i blikket med tanke på bærturar.

Da me kom inn på Ringstulstien, gjekk det fort ned mot H Damtjønn der me tok ei fortent avslappning.

Tusen takk til Sigmund, Aud Inger og resten av turgåerane for ein koseleg tur!



Dugnad Ringstul 2018Informasjon

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 29 mai, 2018 22:03:29

Herdis og Karin har vore på vårdugnad på Ringstul.
Her gjeld ikkje Newtons lovar!

Blog image
Takk for innsatsen i år også!

Sondagstur til Sveinsbu 27. maiTurer

Opprettet av Ingebjørg Myromslien 27 mai, 2018 20:36:08

Denne sondagen var det bare 4 turlystne folk ved Gvarv st. Det har vori veldig varmt om dagen. Sjøl om Nils Olav freista med bading så var det bare desse tre på bildet pluss fotograf Kåre blei med.

Blog imageEtter bading og mat så er det avslapping på trappa på Sveinsbuhytta.