GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Dugnad på kraftlaghytta 2017

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 21 juli, 2017 21:47:04
Denne våren og sommaren er det gjort mykje dugnad på hytta:


Omn: Sveinung, Gustav og Kåre kjøpte inn ny Jøtul omn og monterte han på kjøkkenet.

Vasking: Aud Inger og Mary Anne vaska storreint på hytta og sengetøy.

Maling av hyttetak: Sveinung og Kåre kjøper inn og maler bølgeblekkplatene på taket.


Her ser me Sveinung jobbar med sikkerheta i høgsetet.

Så rydda Geir og Sveinung rønningar og anna rundt hytta og parkeringsplassen. Nå var alt klart for nok ei St Hansfeiring.

Sikkerhet i høgsetet på soverommet også. Kåre lagar og monterar sengehestar, stegar og benk på soverommet.

Maling til brannmurar er kjøpt inn og blir snart mala på.



Takk til alle som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats i år også!








  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post164

Merking av nye løyper på Årnes

InformasjonOpprettet av Karin Pedersen 11 juli, 2017 17:13:20

Det har i vår/sommer blitt gjort omfattende arbeid med merking av nye turløyper i Årnes/Breisas området.

Kåre har laga og montert opp nye retningskilt og GT kasse. Me har vært på opptil fleire stibefaringer, rydda stier, og mala med blått på tre og stein.

Under ser du bilder av resultatet.

- En ny sti videre fra Sulukolltjønn videre oppå Bjørnlikollen, mot Griseryggen.

- En ny sti fra Årnes Kafeteria, langs Kvennebekken et stykke og videre opp til Einlifjell.

- Ny GT kasse på Einlifjell, ved det flottaste utsiktspunktet.

Tusen mange takk til Geir Valle, Ingebjørg Myromslien, Kåre Myromslien, Jørgen Haugen og Karin Pedersen for ein vel gjennomført jobb.

Stor takk rettes også til Erik Årnes som har rydda stien med traktor i starten av løypa, langs jordet. Og takk til Årnes Kafeteria som gledelig låner bort litt av parkeringsplassen sin til ivrige turgåere.





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post163

Sondagstur til Blåfjell 25.06.2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 25 juni, 2017 20:45:58
Denne dagen er dei tre Blåfjelltoppane på Lifjell målet vårt. Dei ligg mellom Årmotdalen og Heddal. 5 stykker har ikkje vore i dette området før. Kåre er kjentmann.
Me brukar knapt 2 timar opp til fyrste Trogatjønna som de ser i bakgrunnen på bildet. Me har da passera ein fin foss ned frå Løkjinvatnet og plassen Løkjin. Så er den østre Blåfjelltoppen målet.Variert sti med tre bratte kneikar, spesielt opp til toppen. Her er det vid utsikt med Gaustatoppen i bakgrunnen.
Nå ventar vandring uten sti der det er mykje tyngre å gå. Nå må me ha ei lang matpause
Etter me skriv i boka på vestre toppen, legg me i veg heimover. Det er tungt å gå i lyng og ei lita skur har gjort berga glatte. Beina blir skjelvne og ryggen verker på somme av oss. Eg måtte innsjå at dette var for lang tur for meg i alle fall. Heldigvis hadde me med kånn to svært tolmodige og omsorgfulle mannfolk.

Folk syntes dette var ein spennande tur. Veret var bra og ei kraftig regnskur kom fyrst når me var nedatt til bilane ca kl 17.

Takk til Kåre og kånn andre for at me fekk ein triveleg tur!



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post162

St Hans ved Dyrud Damtjønn

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 24 juni, 2017 15:28:48
Det blei ei spennande St.Hansfeiring vermessig. Det varierte mellom styrtregn, tuku og solskinn ( nede i bygda). Me fyra nå opp grillar, bål og peisen inne i hytta. Alt fekk me bruk for.
Litt før klokka seks vart det opphaldsver og det kom sigande bilar opp bakkane.
Det var om å gjera å kome i gang med maten før nye byger. Til slutt var me ca 20 stk og ei bikkje rundt bålet/ grillane.

Før dei siste hadde fått i seg maten, kom regnet og vi trakk inn i hytta. Der fekk me akkurat sitteplass til å nyte bålkaffe, sjokoladekake og anna godsaker.

Etter at det vart fyra i vedomn og peis, kunne ein nesten steike flesk på veggane. Da kom dei kulturelle innslaga med historiar/hjernetrim frå Asbjørn og Pål. Til slutt rongande allsang. Me blei mektig innponert over alle versa som Pål mfl kunne på "Mellom bakkar og berg"

Da klokka drog seg mot halv ti, var mange klar for heimveg. Fire stykker skulle overnatte.
Det kan bli ei koseleg feiring til tross for at vergudane ikkje er på vår side.
Takk til alle som blei med kånn denne kvelden!





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post161

Kveldstur til Skjenås, Svendseid 14.juni

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 15 juni, 2017 09:39:45
Denne kvelden er me 13 stk som blir med Karen Vaaer på tur. Trur ingen av oss hadde vore på denne toppen som ligg nær grensa til Sauherad. Turen gjekk i fint skogsterreng, god sti og merka med enkelte raude trebrikker(dette er flyttbare merke som Nome brukar)

Etter ein liten time nådde me "toppen". Fine berg å sitte på for kafferast og god prat.
Turen ned att gjekk i bra tempo.
Takk til Karin for at du tok oss med på nye trakter og at du heldt eit tempo så alle gjekk samla.

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post160

Tur til Gangsjø fra Årnes 7.juni2017

TurerOpprettet av Karin Pedersen 10 juni, 2017 11:01:11

Denne dagen var det meldt 46mm nedbør på Gvarv. Det meste av regnet kom heldigvis på dagen, og det skulle bli lettere i været fra kl. 17.

Det blei 2 stk. med fra Årnes til Gangsjø Panorama, tross litt regn og mykje vatn i stien.

Me starta ved Årnes Kafeteria, gjekk opp langs Kvennebekken og fulgte sti og traktorveg til Kåsavegen rett oppafor bommen. Her gjekk det sti videre til Gangsjø, over Roksmyrene. Her er blåmerket sti heile vegen, som vi tar av til venstre litt før Roligheten. Vel framme ved vatnet finn me ei lita hytte/gapahuk som har fått navnet Gangsjø Panorama. Her blir det ein kafferast under tak, og besøksboka får to nye navn.

På tilbakevegen gjeng me litt på ein traktorveg, så inn på ein sti som fører oss tilbake langs med Roksmyrane, på andre sida. (da slapp me å gå over myra).

Det blei ein blaut tur, men med trivelig selskap og fint skogsterreng blei været fort glømt.

Trur me må sette opp denne turen att til neste år au, og håpe på litt bære vær, så fleire får opplevd denna fine turen.

Helsing fra Karin





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post159

Kveldstur til Ånto 10 mai 2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 13 mai, 2017 21:23:49
Denne dagen var ikkje vergudane i godlag. Lifjell var vekk i tåke og det regnte jamnt. Me(Kåre og Ingebjørg) kledde oss til tur i regnver og få plussgrader, me hadde lita tru på at nokon ville bli med på tur denne kvelden. Men på Gvarv dukka det opp 4 hardhausar som hadde vore ute ein regnversdag tidlegare.
Stien opp frå Breskelia er fin å gå. Me les på dei fine infotavlene som Bø Turlag har sett opp. Den fyrste var"Bakstekjerringa", ein stor stein som var køyvd i to. Så bar det forbi ein fin,stor gapahuk. Etter ein god halvtime kom me til tuftene etter husmannsplassen Langeskår. Tru om fylkesblomen søstermarihand hadde dresta deg opp av jorda? Me fann noka små blomar oppe på berget. På berghylla nedunder lyste det gult. "Med livet som innsats" klatra Idar ned for å forevige dei med det flotte apparatet sitt.
Neste mål var Ånto. På veg oppover gjekk regnet over til sno. Me gjekk forbi Treskeberget. Eit flatt berg der husmennane frå Langeskår og Ånto treska (slo med flygel) kønnet sitt.


Bildet er frå Ånto. Marka var dekka med kvitveis som fekk på ei kåpe av sno.
Etter ein kort stopp, gjekk med nedover igjen.
Eit spesielt ver og hyggelege folk fekk praten godt i gang. Med gode klær fraus me ikkje.
Takk for koseleg tur!
Helsing Kåre og Ingebjørg



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post158

Sondagstur til Maskat 7. mai

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 07 mai, 2017 22:49:43
Denne dagen er det 19 stk som blir med Sveinung til Maskat. Dei fleste går frå Fugleleiken men noka få snik seg til å kjøre til Dyrud Damtjønn. Etter ein ludag med kjempevarme så heng det i dag mørke skyer over Lifjell. Det er yr i lufta og det bles iskaldt. Heldigvis er dei fleste utstyrt med varme klær og fjellsko. Fortsatt ligg det att noko sno og myrane er blaute. På oppturen gjekk me om Diplane og vidare på nymerka sti til Maskat


Sveinung i kjent stil med å fyre bål. Det varma og pølsene smaka godt.

På heimturen gjekk turen om Tveiten. Nokre tok ei pause på Kraftlagshytta medan andre tok raskaste vegen heim.
Ein triveleg tur i godt selskap. Takk til Sveinung.

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post157
« ForrigeNeste »