GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Kveldstur til Ånto 10 mai 2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 13 mai, 2017 21:23:49
Denne dagen var ikkje vergudane i godlag. Lifjell var vekk i tåke og det regnte jamnt. Me(Kåre og Ingebjørg) kledde oss til tur i regnver og få plussgrader, me hadde lita tru på at nokon ville bli med på tur denne kvelden. Men på Gvarv dukka det opp 4 hardhausar som hadde vore ute ein regnversdag tidlegare.
Stien opp frå Breskelia er fin å gå. Me les på dei fine infotavlene som Bø Turlag har sett opp. Den fyrste var"Bakstekjerringa", ein stor stein som var køyvd i to. Så bar det forbi ein fin,stor gapahuk. Etter ein god halvtime kom me til tuftene etter husmannsplassen Langeskår. Tru om fylkesblomen søstermarihand hadde dresta deg opp av jorda? Me fann noka små blomar oppe på berget. På berghylla nedunder lyste det gult. "Med livet som innsats" klatra Idar ned for å forevige dei med det flotte apparatet sitt.
Neste mål var Ånto. På veg oppover gjekk regnet over til sno. Me gjekk forbi Treskeberget. Eit flatt berg der husmennane frå Langeskår og Ånto treska (slo med flygel) kønnet sitt.


Bildet er frå Ånto. Marka var dekka med kvitveis som fekk på ei kåpe av sno.
Etter ein kort stopp, gjekk med nedover igjen.
Eit spesielt ver og hyggelege folk fekk praten godt i gang. Med gode klær fraus me ikkje.
Takk for koseleg tur!
Helsing Kåre og Ingebjørg



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post158