GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

St Hans ved Dyrud Damtjønn

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 24 juni, 2017 15:28:48
Det blei ei spennande St.Hansfeiring vermessig. Det varierte mellom styrtregn, tuku og solskinn ( nede i bygda). Me fyra nå opp grillar, bål og peisen inne i hytta. Alt fekk me bruk for.
Litt før klokka seks vart det opphaldsver og det kom sigande bilar opp bakkane.
Det var om å gjera å kome i gang med maten før nye byger. Til slutt var me ca 20 stk og ei bikkje rundt bålet/ grillane.

Før dei siste hadde fått i seg maten, kom regnet og vi trakk inn i hytta. Der fekk me akkurat sitteplass til å nyte bålkaffe, sjokoladekake og anna godsaker.

Etter at det vart fyra i vedomn og peis, kunne ein nesten steike flesk på veggane. Da kom dei kulturelle innslaga med historiar/hjernetrim frå Asbjørn og Pål. Til slutt rongande allsang. Me blei mektig innponert over alle versa som Pål mfl kunne på "Mellom bakkar og berg"

Da klokka drog seg mot halv ti, var mange klar for heimveg. Fire stykker skulle overnatte.
Det kan bli ei koseleg feiring til tross for at vergudane ikkje er på vår side.
Takk til alle som blei med kånn denne kvelden!





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post161