GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Sondagstur til Blåfjell 25.06.2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 25 juni, 2017 20:45:58
Denne dagen er dei tre Blåfjelltoppane på Lifjell målet vårt. Dei ligg mellom Årmotdalen og Heddal. 5 stykker har ikkje vore i dette området før. Kåre er kjentmann.
Me brukar knapt 2 timar opp til fyrste Trogatjønna som de ser i bakgrunnen på bildet. Me har da passera ein fin foss ned frå Løkjinvatnet og plassen Løkjin. Så er den østre Blåfjelltoppen målet.Variert sti med tre bratte kneikar, spesielt opp til toppen. Her er det vid utsikt med Gaustatoppen i bakgrunnen.
Nå ventar vandring uten sti der det er mykje tyngre å gå. Nå må me ha ei lang matpause
Etter me skriv i boka på vestre toppen, legg me i veg heimover. Det er tungt å gå i lyng og ei lita skur har gjort berga glatte. Beina blir skjelvne og ryggen verker på somme av oss. Eg måtte innsjå at dette var for lang tur for meg i alle fall. Heldigvis hadde me med kånn to svært tolmodige og omsorgfulle mannfolk.

Folk syntes dette var ein spennande tur. Veret var bra og ei kraftig regnskur kom fyrst når me var nedatt til bilane ca kl 17.

Takk til Kåre og kånn andre for at me fekk ein triveleg tur!



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post162