GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Sondagstur 6. mai til Einlifjell- Sulukoll

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 06 mai, 2018 21:19:01
Denne sondagen er me 17 stk som går frå Årnes kafeteria og opp mot Einlifjell. Det er 4 nye folk med oss og ei 7 år gamal jente. Det "gror" i turlaget! Karin med fleire har anlagt ny sti rett opp frå E Årnes ( me måtte gå litt omveg medan vegarbeidet pågår), gjennom rydda hogstfelt til rasteplassen under Einlifjell. Vidare opp er det bratt, med litt pauser kom alle greit opp til denne nydlege utsikten.

Vidare følgde me blåmerka sti til stidelet Griseryggen- Sulukolltj. Ny sti over Bjørnlikollane.
Neste rast var på Sulukoll.

Nå hadde folk fått to Friskuskasser og 2 innsjekkingar på Gulltrimmen. Vidare gjekk turen ned i Sulukollgrenda og ned til Årnes. Me har gått totalt 9 km og mange høgdemeter.

Takk til kjentkvinne Karin for god leiing og alle som var med for koseleg selskap.


  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post177