GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Kveldstur til Politinutane 30. mai

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 31 mai, 2018 07:29:04
Denne kvelden er me 11 stk som skal ut i ukjent område for dei fleste av kånn. Sigmund leiar oss med stø kurs inn elgjaktområdet sitt. Me går på traktorveg frå "Ringstulparkeringa" mot Svarttjønnmyrane. Ved vegs ende, tek me opp liane til venstre. Herfrå er det nok mest elgetråkk me følger til me på nedturen kjem inn på den breide stien til Ringstul.


Det er ikkje lenge før me er oppe på ein av Politinutane. Her er vid utsikt mot øvre Sauherad, Jonsknuten og kanskje såg me heilt til Gaustadtoppen.

Vidare går det ned og opp bergknausar og over myrar. Tyttebær og molte står i full blom. Mange fekk stjerner i blikket med tanke på bærturar.

Da me kom inn på Ringstulstien, gjekk det fort ned mot H Damtjønn der me tok ei fortent avslappning.

Tusen takk til Sigmund, Aud Inger og resten av turgåerane for ein koseleg tur!



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post183