GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Skinnarbutur 3.-5. august

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 07 juni, 2018 17:23:17
Hei!

Nå er sommaren her for fullt og ferieplanlegginga i gang. Hugs å sett av helga 3.-5.august til helgetur til Skinnarbu Nasjonalparkhotell.

Hotellet ligg like ved Hardangervidda Nasjonalparksenter.

Kort veg ned til Skinnarbu brygge her Fjellvåken 2 går frå.

Her kan ein reise på høgfjellskrus med lunsj på Mogen turisthytte. Båtturen tek 1 1/2 time kvar veg

Fint å ta korte og lengre gåturar ut frå hotellet.

Eller fristar seterbesøk på Selstali seter, Krossobanen eller Gaustatoppen meir?

De legg plan for dagane der oppe etter kva folk har lyst til.

Døgnpris for overnatting i dobbeltrom med frokost, nistepakke og middag er ca 1200 kroner per person. Prisen avheng nok litt av kor mange som blir med.

Oddvar Fjellheim er koordinator. Mob 977 50 863

Han vil gjerne ha ein oversikt over kor mange som kanskje blir med innen 1. juli

Bindande påmelding innan 20. juli

Velkommen med på tur!

Helsing styret i GT



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post185