GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Kveldstur til Tveitanhola 25.04.2018

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 26 april, 2018 11:44:57
Denne onsdagskvelden er Tveitanhola på Hjuksebø målet. Eldbjørg Haugen er kjentkvinne. Me er 23 stk som følger ho opp frå Skogenfeltet. Snart kjem me forbi noka flotte tysbasbusker som eg dessverre ikkje tok bilde av.Det er lett, fin sti/gammal tømmerveg som blir brattare etter kvart. Siste delen set kondisen på prøve men alle klarar det med glans.
Eg fekk dreimot tatt bilde av desse lortute holefolka som klatra i stega og krabba innerst i hola. Der var bekmørkt (dei hadde med lykt)innover i gruva der det før i tida var tatt ut krystallar til radioar.
Takk til Eldbjørg for ein spennande tur saman med koselege folk.

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post175

Kveldstur 18. april

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 19 april, 2018 09:43:16
Endeleg har det blitt varmt og fint ver. Etter ein vinter med masse sno måtte me flytte 1. turen i år til HØGT OG LÅGT klatrepark/ lysløype.
Me er 13 stk som dreg på tur. Flott at to nye medlemmer blir med oss. Det er ein lett tur 12 stk legg ut på medan undertegna går bort til rasteplassen i parken der me hadde fått lov til å vera og kose kånn med niste, vaflar og bålkaffe.


Etter ei stund sig det inn sprekingar. Kaffen er klar. To og firebeina er klar for ein påfyll.
Etter eit par timar er me klar for heimreise.
Tusen takk til " Parkens folk" for utruleg gjestfrihet.

Takk til alle for ei koseleg kveldsbeite!

Turhelsing frå Kåre og Ingebjørg

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post174

Sondagstur til Øysteinatten 3. september 2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 04 sep., 2017 11:57:17
Denne dagen er det Sveinung om er kjentmann. Det er 13 stk som blei med opp på toppen av Øysteinnatten. Mykje fint ver og haustfargane lyste i solskinnet. På heimvegen kom det ei skikkeleg regn og haggelbyge.

Svært posetive tilbakemeldingar etter turensmiley
Dette var siste turen i år.
Takk til Sveinung for nok ein fin tur han var kjentmann for.
Takk til alle som har vore med kånn på tur i år. Det er dekkan som gjer at det blir ein koseleg tur!smiley

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post172

Kveldstur frå Holtan Damtj 30.august

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 02 sep., 2017 07:29:46
Denne kvelden gjekk turen på merka sti frå Holtan Damtjønn, om Ringstul og opp til Sudnuten. Veret var fint og fantastisk utsikt kunne nytast saman med kaffekoppen når ein nådde toppen.

10 damer og 2 karar var med på tur som var siste kveldsturen å år.

Takk til Nils Olav som var kjentmann!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post171

Dugnad på Ringstul 2017

InformasjonOpprettet av Ingebjørg Myromslien 27 aug., 2017 21:22:58
Det er Karin Landsverk og Herdis Toreid som har hatt tilsynet med Ringstul og Gulnoshytta.
Inne på Ringstul er det sopa tak og vegger, vaska rundt der det er mulig, tatt med seg søppel, kasta ut deler av golvteppe. Det kom fram tett og fin golvplank. Kjøpt inn diverse småutstyr.
Koseleg å ta ein pust i bakken her når det er så reint og ryddig!

Utvendig er taket sopa etter mange års oppsamling av barnåler!!
Utedoen er vaska. Han står litt "framoverlent". Geir og Sveinung har vurdert at det er heilt trygt og sitte der når behovet melder seg. Koseleg å sitte der med døra oppe og nyte naturen i tillegg.

Gulnoshytta er forfallen. Dei har likevel sopa og rydda der siste året. Det er få folk som legg turen innom hytta men faktisk var det nokre ungdommar som overnatta der i fjor haust.

Takk til Karin og Herdis for bra jobbing! Helsing styret i GT





  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post170

Kveldstur til Steinkjørkefjellet 23.08.2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 23 aug., 2017 23:06:26
Denne kvelden skal me på tur til Nordbygda i Lunde. Me er 10 stk som kjører frå Gvarv st. Dordi Norheim møter kånn ved Kleppe gamle skule (grendehus). Ho er "kjentmann" denne kvelden.

Me går på fin sti innover i skogen. Her er ganske trolsk me tette trekroner og irrgrøn mose i skogbotn. Etter kvart kjem me høgare opp i open furuskog. Det er Steinkjørkefjellet med fin utsikt over Nordbygda, Bø og til og med heilt til Skåråfjell.

Nydeleg plass å nyte utsikta og kaffekoppen.

Snart dukkar enda ein kjentmann opp- Gudmund Hegna smiley. Ein triveleg kar som tek oss med på ein rundtur innover moane og vidare ned i ein djup dal mellom Politinutane. Her er mykje kvist etter hogst men det går greit for denne unge, spreke gjengen frå Gvarv!
Geir samlar kantarell og nokon av kånn andre lar oss freiste av store, raude tyttebær på turen ned til bilane.

Tusen takk til Dordi og Gudmund for ein fin tur på nye områder for kånn nesheradinganesmiley.



  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post169

Sondagstur til Himingen 20. august 2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 22 aug., 2017 19:05:31
Denne sondagen er Himingen på Lifjell turmålet. Sveinung visar veg til Myrgvarv parkering der Kåre møter 11 stk , ein satsar på rømmegraut på Gavlesjåstulen og 10 stk blir med opp på Himingen. Terese er kun 7 år men sprek som ein fole.


Sola titta fram mellom lette skyer. Alle fekk nyte den fine utsikta medan nista blei ete. Dei fleste hadde ikkje vore der oppe før. Når steinane er sleipe kan nedturen vera vel så krevjande som oppturen, men alle kom seg velberga ned til bilane.
Etterpå bar det til hytta til Kåre og Ingebjørg. Der serverte Jenny og Ingebjørg te, kaffe og kake.
Takk for fin tur til deltakerar og kjentmann Kåre. Takk for de ville kome på hyttebesøk!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post168

Kveldstur til Landsverknuten 16. august 2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 17 aug., 2017 12:22:24
Denne kvelden er det 7 stk og ei bikkje som går opp frå Verpe i Øvre Bø. Kåre er kjentmann, ingen andre hadde vore her før. Mesteparten av tida følger dei bratt traktorveg før sti opp på nuten. Bø turlag har hatt kjentmannskasse her tidlegare (tatt ned i sommar).


Fint ver og god stemning! Desse slappar av medan Sveinung og Kåre fotograferar.

Takk til Kåre som er kjentmann og referent!

  • Kommentarer(0)//blogg.gvarvturlag.net/#post167
Neste »