GT Blogg

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Kveldstur til Steinkjørkefjellet 23.08.2017

TurerOpprettet av Ingebjørg Myromslien 23 aug., 2017 23:06:26
Denne kvelden skal me på tur til Nordbygda i Lunde. Me er 10 stk som kjører frå Gvarv st. Dordi Norheim møter kånn ved Kleppe gamle skule (grendehus). Ho er "kjentmann" denne kvelden.

Me går på fin sti innover i skogen. Her er ganske trolsk me tette trekroner og irrgrøn mose i skogbotn. Etter kvart kjem me høgare opp i open furuskog. Det er Steinkjørkefjellet med fin utsikt over Nordbygda, Bø og til og med heilt til Skåråfjell.

Nydeleg plass å nyte utsikta og kaffekoppen.

Snart dukkar enda ein kjentmann opp- Gudmund Hegna smiley. Ein triveleg kar som tek oss med på ein rundtur innover moane og vidare ned i ein djup dal mellom Politinutane. Her er mykje kvist etter hogst men det går greit for denne unge, spreke gjengen frå Gvarv!
Geir samlar kantarell og nokon av kånn andre lar oss freiste av store, raude tyttebær på turen ned til bilane.

Tusen takk til Dordi og Gudmund for ein fin tur på nye områder for kånn nesheradinganesmiley.



  • Kommentarer(0)

Fill in only if you are not real





Følgende XHTML-tags er tillatt: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS og Javascript er ikke tillatt.